Hopp til innholdet

Nordsjøfartmuseet (museumvest.no)

Nordsjøfartmuseet opna i april 1998 og fortel historia om motstandskampen ved kysten og terroren som utsletta Telavåg under andre verdskrigen.

I april 1998 opna Nordsjøfartmuseet. Krigsminnesamlinga fokuserte i størst grad på krigstragedien i Telavåg sett frå ein lokal synsvinkel, men med Nordsjøfartmuseet blei perspektivet utvida. Krigshendingane i Telavåg blei med dette sett inn i ein større samanheng, både i høve til den andre verdskrigen generelt og i høve til samtidige konfliktar verda over. Som namnet skulle tilseie sette også Nordsjøfartmuseet fokus på Nordsjøfarten, den illegale trafikken mellom Norge og Storbritannia under andre verdskrigen. 

https://nordsjofartsmuseum.museumvest.no