Nyeste bilder & video lagt til

Dagene som…

Dagene som rystet bygda

Ingemund Midttveit vokste opp i trygge o...

Planla Telavågtragedien

Planla Telavågtragedien

I nr 92 19 august 2006 hadde Vestnytt en...

Gruvo

Gruvo

Desse kvarts- og feltspatgruvene var i d...

De brente…

De brente våre gårder

De brente våre gårder - de drepte våre m...

Krigsfakta

Krigsfakta

Krigen i Telavåg M/S Fernanda ble sat...

Velforeningen arrangerer

Velforeningen arrangerer

Adventskafe 2011

Telavåg Velforening gjentek suksessen frå i fjor og arrangerar Adventskafe for bygdafolket 2. søndag i advent, den 4 desember kl 16.00.

http://www.facebook.com/event.php?eid=177433732341565

 

Årets flottaste Loppemarknad!

Velkomen til Telavåg Grendahus på Årets flottaste loppemarknad 1 og 2 oktober. Laurdag ope frå kl 11-15, sundag ope frå 12-15. Masse flotte lopper. Stor kafe med masse godt. Velkomne!

 

Ta kontakt med oss dersom de har lopper! No har de sjansen folkens, te å få rydda i ute og inneboder, på loft og i kjellarar:-))) send  ein meld på fb, eller send til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

Har du Facebook kan du gå inn her...

 

Medlemsfesten 28.05

Velforeningen takkar bygdefolket som villig stilte opp og gjorde Medlemsfesten vår den 28.05.11 til ein ubetinga suksess.

 

  • Vi takkar husbandet vårt ØS5, for glimrande musikk og strålande sceneshow. Som vanlig!

 

  • Vi takkar Kim, for flott innsats i baren. Nydelige drinkar vart serverte i høgt tempo.

 

  • I tillegg takkar vi Glesnes Teaterlag v/ Eivind og Knut Joakim for strålande prestasjonar på scenen. Dette gjorde dei på dugnad for oss, og det er vi svært takksame for!

 

Velforeningen hadde også eit lite revynummer og vi hadde det veldig kjekt. Vi hadde det faktisk så kjekt at vi vurderar å starta oppatt Telavåg Teaterlag til hausten. På festen var det mange som gjerne ville vera med i ei revygruppe, så vi ber dei av dykk som er interesserte, om å ta kontakt med oss.

 

Samstundes minnar vi om at flaskeinnsamlinga no tek ein pause fram til hausten. Men vi startar oppatt innsamlinga etter sommarferien, så de kan samla flasker i heile sommar

 

Loppemarknaden til hausten treng lopper, har de noko liggande, så ta kontakt med oss, så kjem vi og hentar. Lopper kan også leverast på Grendahuset, ring så avtalar vi tid.

 

Minnar sist, men ikkje minst, om Fiskefestivalen Båtlaget arrangerar 25 juni. Dette er kjekt både for store og små. Velforeningen stiller, gjer du? Vi oppfordrar alle våre medlemmar til å stilla opp og enda ein gong gjera dette til ein kjekk dag på kaien

 

Med venleg helsing Eit engasjert styre i Telavåg Velforening

 

{vsig}fotoalbum/Medlemsfest280511{/vsig}

Medlemsfest 28.05.11

Telavåg Velforening ynskjer å gjere stas på medlemmane sine og inviterer difor til heidundrande medlemsfest på Grendahuset den 28.05.2011

 

Sørg for at kontigenten er betalt folkens og bli med på ein knakandes kjekk kveld med god musikk, fantastiske sambygdingar og ein liten matibit i godt selskap.

 

Info: Dette skrivet er også sendt ut i postkassene i Telavåg.

 

Dørene opnar k l21:00 og me ber om at de pussar støvet av danseskoa, smørjer hofteledda, tar på dykk finstasen og inntar Grendahuset med humøret på topp.

 

Husbandet vårt Øs5, stiller som vanlig opp og gleder oss med fengende rytmer og eit forrykande sceneshow.

 

Festen markerer at Telavåg er ei bygd i sosial vekst, der det jobbast godt i organisasjonane. Velforeningen jobbar både med Grendahuset og med andre prosjekt, iniativet er på topp og me treng alle dykk medlemmar som støttespelarar for å kunne gjera den jobben på best mogeleg måte.

 

I baren er det alle rettigheter og vår fantastiske bartender vil servere deg dei fottaste drinkar, så ikkje la noko stoppa deg frå å delta på dette som kanskje vert årets fest!

 

Inngogsbillett for medlemmane er kr 150 per person.

Inngongsbillett for ikke-medlemmar vert kr 300,- per person,

og berre dersom det er fleire plassar att.

Aldersgrense for ikkje medlemmar er 25 år.

 

 

Telavåg Grand Prix 2011

Telavåg Velforening inviterer alle kreative og lekne Telavågarar til å stille i årets kassabil-løp. Dette kan muligens bli årets kjekkaste dag for både store og små ungar :-)

 

Her gjeld det å væra tidlig ute, så begynn å bygg allereie no ! Premie til alle deltakarar, og ekstra premiering for kreativitet og oppfinnsomhet. Det vert også sjølvsagt ein sjarmørpris.

Informasjon om kassabil-løp er lagt ut i postkassene..

 

Dato er ikkje sett enno, men denne vil verta fastsatt snarast og kjem saman med løypetrase i neste skriv.. Følg med..

 

Bingo på Grendahuset

For første gang blir det arrangert Bingo på Grendahuset, Her kan du også få mulighet til å se hva som er blitt gjort med tanke på oppussing på grendahuset.

 

Det blir salg kaffi, boller, lapper m.m

 

Tid: 27.03.2011 kl 16:00

Joomla 1.6 Templates designed by Joomla Hosting Reviews