Nyeste bilder & video lagt til

Framnes

Framnes

Først vart 57 eldre sendt fra Storetve...

Skulehuset

Skulehuset

Her stod skulehuset som vart bygd i 1926...

Med egne…

Med egne ord

Morten og Åge Telle var 15-åringer ved u...

Krigsfakta

Krigsfakta

Krigen i Telavåg M/S Fernanda ble sat...

De som…

De som døde under fangenskap i Tyskland fra Telavåg

Anfinn Arnesen Midtveit, 47 år Anfi...

Fiske & Fangst

Det er som sagt kjent at Telavågen har lenge levd av fiske og fangst, og ikke minst hvalfangst. Frem til nå har jeg veldig lite om dette temaet så har du noe om fiske og fangst samt hvalfangst.

 

Fisket var regulert av eigedomsrett til særskilde fangstplassar, og holmar og vågar låg til dei næraste gardane. Men sjølve storhavet var felleseige, der alle kunne ausa av matkjelda.

 

Då Vincens Lunge overtok eigedomane i Telavåg, følgde òg kvalretten med. I jordeboka hans frå 1535 er det nemnt 60 stikker og 40 kringler bast til Grindasundet. Ved Stekholmen – namnet kjem truleg av at ein sette stikker i sjøen – stengde dei av slik at kvalen ikkje kom seg ut att. Sundet vest for Stekholmen heiter Grindasundet, også dette namnet skriv seg frå at det vart sett grind, stengsel for kval, der. Tidleg om våren sleppte dei grinda ned i sjøen, og ho stod til langt utpå hausten. På botnen i Grindasundet ligg det framleis steinar som grinda stod på. Notasundet aust for Stekholmen stengde dei med not.

 

Kvalen vart drepen med forgifta pilar. Dei brukte pil og boge i kvalfangsten heilt fram til 1896. Alt på kvalen vart nytta, også spekket, som trongst i kosten og til lampeolje.

 

Det er stengt mykje sild i Telavågen. Elles låg nokre av dei beste lakseplassane i Hordaland her. Det stod laksenøter ved Kvaløy, Gåsøy, Skarvøy, Klosterholmen, Malmen, Lyngøy, Ertnesholmen, Svartholmen og Stallen. Før vart det òg teke mykje hummar.

 

I 1705 fortel "fattige bønder" kring Telavåg at dei i mange år hadde handla med Abraham Wessel, som då var landeigar i området og dessutan åtte handels- og gjestgjevarstaden Glesvær. Han heldt mest til inne i byen. På stormfulle dagar kunne ikkje bøndene levera fisk til byen. Dei bad difor stiftmannen påleggja Wessel å halda ein kjøpsvein i Telavåg heile året, som skulle syta for salt og anna som trongst i fisket. Eit "Kremmerleie og Gjestgiveri i Tellevaag" er nemnt i 1786 då Glesvær vart selt på dødsbuauksjon til Hans Krohn.

 

I grunnboka for Selstø og andre gardar i Telavåg er det tinglese 26. april 1802:

 

"Contract mellom Beboerne af denne Gaard, Telle, Nipen, Øfstvedt og Midtvedt om ikke at bruge Smaatorskegarn i Tellevaagen m.m." Det viser at folk visste mykje om livet i havet og la vekt på å forvalta desse ressursane på ein god måte

 

Tekst hentet fra Hordaland Fylkeskommune

Share
Joomla 1.6 Templates designed by Joomla Hosting Reviews