Feil
  • Feil ved lasting av datamating

Nyeste bilder & video lagt til

Gruvo

Gruvo

Desse kvarts- og feltspatgruvene var i d...

Framnes

Framnes

Først vart 57 eldre sendt fra Storetve...

Med egne…

Med egne ord

Morten og Åge Telle var 15-åringer ved u...

Gamle Gravplassen

Gamle Gravplassen

Denne kyrkjegarden vart nytta fram til 1...

Krigen i…

Krigen i Telavåg

Tettsted på Sotra ved Bergen som ble jev...

Lansering av Band 2 - Bygdeboka for Sund

Band 2 er no under trykking. Opplysningane i boka begynner på 1500-talet og er førte fram til 2013. Band 2 har 620 sider og inneheld om lag 900 bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap. Det er tabellar, figurar, kart og register i boka. Ho handlar om alle bustadene på matrikkelgardane Kleppevik, Kleppe, Forland, Sæle, Hummelsund, Vikso, Vardøyna, Opsøyna, Tyrnevika og Trellevika.

I denne boka kan du lesa mellom anna om Johannes Kleppevik og slekta hans, om Loyal, om båtbyggjeria på Forland og Kleppe, om eit mord på Forland og ei magnetmine som eksploderte inne i eit naust, og om Lysekloster, som i mange år eigde mykje av området som er omtala i dette bandet. Ingen andre bygdebøker i Hordaland har ført slektsopplysningane heilt fram til 2013!  

Gjer Sund på Søre Sotra til eit samtaleemne!

Det vert bokslepp 21. november kl. 18.00 i kantina på Falck Nutec i Austefjorden.

Støtt arbeidet med å kjøpa boka – direkte på boksleppet, på biblioteket i Skogsskiftet eller direkte hos bygdeboknemnda! Sjå også: Facebook Bygdebok for Sund, https://www.facebook.com/pages/Bygdebok-for-Sund/181592351871004

Vil du ha boka tilsendt?  Betal inn kr 500 pr. band, pluss frakt, til Sund kommune, konto 3628 56 75035.

Hugs adressa di, og om det gjeld band 1 eller band 2, eller begge.

Frakt for 1 bok: kr 140.   Frakt 2 bøker: kr 170.

Share
Joomla 1.6 Templates designed by Joomla Hosting Reviews